fredag 28. november 2008

Evna til å søka hjelp!

Eg som har jobba litt i skule, har opplevd litt av kvart når det gjeld detta med å spør om hjelp. Det å bruka denne muligheita elevane har i skulen. Det er jo derfor me lærarar er der. For å rettleie dei og hjelpe til så dei forstår det dei skal læra.

Men bruker alle dette hjelpemiddelet? Langt i frå. Det er vertfall mi erfaring frå skulen. For her er barn veldig forskjellige. Nokon spør om alt, fordi dei ikkje gidder å tenke sjølv. Nokon trenge ikkje spør om hjelp, fordi dei får til alt sjølv. Men så er det også nokon som sitter der, dei rekker ikkje opp handa, men vis du går bort til dei, så ser du heilt tydeleg at dei ikkje veit kva dei skal gjera. Nokon er lette å oppdage, for dei sitt kanskje bare å ser ut i lause lufta å tankane bare svirra i hovudet. Men så er det også dei, som prøver så godt dei kan å skjule arbeidet sitt, elle mangel på arbeid for den saks skyld. Dette opplevde eg som eit problem. Kva skal du gjera med dei som ikkje vil ha hjelp? Og kvifor er det sånn?

Inntrykket eg har fått er at det nesten verkar som om at det er flaut å ikkje få til noko. Sånn syntes eg faktisk det var litt sjølv når eg gjekk på skulen. Husker eg hadde problem med å takle det på ein god måte, det at eg ikkje fekk til og meistra det som dei andre elevane meistra. Men då spurde eg som oftast om hjelp. Men som sagt har eg opplevd det fleire gonger at det er elevar som ikkje spør om hjelp, dei prøver heller å late som om at dei gjer noko, sånn at dei ikkje ska tiltrekka seg merksam frå lærarane. Og er dei gode til det, så er det ikkje alltid lett for oss lærarar og hjelpe. Det som er så dumt er jo at læringsutbytte til desse elevane blir jo då tilnærma lik null. Og det er ikkje bra.

Dette er noko me alle må vera obs på når me skal vera lærarar, me må vera veldig observante, og prøve å kartlegge desse ”luringane” tidleg. Og prøve bygge opp eit godt forhold til dei, å prøve å finne ein løysning på det, sånn at denne eleven skal bli meir å meir fortrolig med det å spør om hjelp når det er noko ein ikkje får te. Det er kje noko som skal vera flaut, langt der i frå. Emna til å søka hjelp er ei svært viktig eigenskap for elevane i skulen. Og det er vårt ansvar å gjera dei bevisste på dette!

søndag 23. november 2008

Stillasbygging!

Det me har hatt om i pedaogikken den siste veka har eg syntes har vore svært så inntresant. Det eg har valgt og skrive om er dette med scaffolding, eller stilasbygging som me også kan kalle det.

En inntresant illustasjon på dette er den me den nærmeste utviklingsonen, der det viser ein sone for kva eleven kan klare på egenhånd, og ein sone utanfor for ting eleven kan klare med hjelpemiddel. Denne sonen viser på ein måte hva eleven er i stand til å klare om han får dei rette hjelpemiddela (lærarar, gjenstandar ol) Denne ytre sonen må ikkje vera for langt ute eller ha for stort sprik frå det elevane allerede behersker. Men den må også vera på eit høgare nivå sånn at eleven har nye mål å strekka seg etter. Hjelp og støtte i denne sonen er det som kalles stilasbygging. I starten treng eleven masse hjelp, og læraren må vise alt, etter kvart får eleven det meir og meir te og læraren kan da trekke seg meir og meir vekk. Derfor ser me på figuren av stilaset at stilaset går meir og meir ut te lenger opp man kommer.

Men er dette med stilasbygging bare aktuelt i skulen? Absolutt ikkje. dette er det samme man ser igjen når man for eksempel skal ut og vare lærling. Da er det masse det same prinsippet.

Eg har eit eksempel på stilasbygging i mitt eige liv. Eg var ikkje lærling, men eg jobba som sivilarbeidar i Skjold IL. Der hadde dei nettopp starta med fotballfritidsordning, som eit alternativ til den vanlige SFO. Og dette skulle eg vera med på. Ikkje aleina, men ilag med ein erfaren trenar som jobba som heiltids fotballtrenar. I starten var eg bare med som diltus for han, og satte ut kjegler og sånn. Då lærte eg mykje av sjå på han. Han var min modell. Etter kvart fekk eg meir og meir ansvar. Og fekk ha ansvar for små deler av økta, eller små grupper. Han var da til stede og kunne gi meg litt tebakemelding te meg, ka eg kunne gjort annleis og sånn. Etter kvart blei eg bare betre og betre i trenarrolla og fekk meir og meir tillit. Og etter nokre månadar, trong ikkje idrettslaget hente inn ein ny trenar når denne trenaren ikkje kunne stilla opp. Då fekk eg rett og slett heile ansvaret aleina.

Han hadde då rett og slett vore stillaset mitt, heilt til eg sto støtt på egenhånd og han meinte eg ikkje trong noko stillas lenger. Dette er noko eg selfølgeleg har vokst på og har nå ikkje noko problem med å klare noko eg ikkje trudde eg skulle klare før dette. Eg utvikla sonen for ting eg kunne klare på eigenhånd, med at eg fekk go hjelp og veidledning i den nermaste utviklings sonen min.

Stillasbygging folkens!!;)

søndag 16. november 2008

Konstruktivismen

I konstruktivismen legger man vekt på at det er kvart enkelt individ som på konstruere sin eigen kunnskap. Kunnskap er ikkje noko som kan overførast, som ei ferdig ”vare” frå ein person (lærar), til ein anna (elev). Man meinte at man ikkje lærer noko av å få ytre stimulerande påverknadar, men at man måtte prøve ut ting sjølv og på den måten læra av det. Ein av dei så var først ute med å påpeika viktigheita av elevens deltaking når det gjaldt læring var, filosofen og pedagogen John Dewey. Han er mest kjent for sitt ord: ”learning by doing”. Å her kjem det godt fram kva han meiner må til for å ha god læring. Elevane lærer av å gjer ting, å utforske å prøve ting ut sjølv. Han var sterk motstand av den tradisjonalistiske måten å tenke skule på, der det var læraren som var i fokus, og elevane bare satt passiv og skulle ta inn over seg denne kunnskapen som lærarane prøvde lære frå seg. Det er viktig å få med at Dewey meiner ikkje at det er nok å bare gjer ting, handling er ikkje tilstrekkeleg for læring meiner han. Og i det ligg det at man må også reflektere og resonnere over det man har gjort, og at det er denne koplinga mellom handling og refleksjon som er det sentrale i hans teorier. Utan denne refleksjonen ville det bare blitt prøving og feiling.

Eg er einig i Dewey sin teori. Og trur nok eg vil bruke noko av det han seie og hans teoriar, når eg er ferdig utdanna som lærar. Eg gjekk også ut frå hans teori når eg planla mi mattematikkøkt, i samband med undersøkingslandskapet eg skulle leggja til rette for i matte og pedagogikk oppgåva mi.

Spesielt dette meg refleksjon synest eg er viktig, det at me snakkar om det etterpå. For det er mykje du gjer på skulen, som liksom er grei skuring, men så når timen er slutt så kan du tenka, kva var det me eigentleg gjorde nå? Du lærer mykje av å prøve å sette eigne ord på det du har gjort og lært. Gjere kunnskapen din på ein måte, og dette er jo det som ligg i ordet konstruktivismen. Det at du skal konstruere din egen kunnskap, at det ikkje nytter å møte opp på skulen som ei tom flaske, og forvente å bli fullt opp.

fredag 7. november 2008

Hjernen, ein datamaskin?

I kognitivismen er det de som skjer inni hovudet som er i fokus. Dei kognitive teoriane fokuserar på tankeprosessane til mennesket.

Noko eg syntest var spesielt interessant innan kognitivismen er modellen der menneskehjernen blir samanlikna med ein datamaskin. Dette syntest eg var ei god samanlikning. For det er jo mange måtar sånn det er. Du sansar så mykje, men det er absolutt ikkje alt du plukkar opp. Men noko kan det lika vell var du legg ekstra godt merke til. Man bite seg rett og slett fast i det. Og det blir dermed lagra i korttidsminnet vårt. Akkurat som i ein datamaskin. Skulle du derimot gløyme å lagre det du har på datamaskinen, og dataen slår seg av, er plutselig alt vekke. Ting som ligger i korttidsminne blir der ikkje for alltid om man ikkje lagrar det.

Sånn er det også med hjernen vår. Man lærer seg noko for at man skal kunna det, til ein prøve eller ein anna viktig hendig, får så og oppleve at kunnskapane sakte men sikkert svinner hen igjen. Eg lærte meg blant anna alt om musklar og muskelfester og utspring og alt sånn når eg tok idrett grunnfag. Då var det pugging, pugging og atter pugging. Etter kvart satt mykje av det veldig bra, og anatomieksamenen gjekk bra. Men den dag i dag, 2 og eit halvt år etter, huskar eg så og sei ingen ting av det lenger. Synd men sant. Kvifor er det sånn? Gløymde eg å trykke på lagreknappen etter eg var ferdig? For kvar er eigentleg ”lagreknappen” vår, i vår hjerne. Husker du ting med å bare pugge det? Min erfaring er at me ikkje gjer det. Dersom det ikkje er noko du er nokså interessert i vel og merke. For ting du bryr deg om huskar du møkje lettare. Eg for eksempel huskar jo namn og historia til ekstremt mange fotballspelarar eg har sett og høyrd om gjennom åra, det er nesten så eg er redd for at eg har fullt opp harddisken min med alt detta fotballstoffet. Så eg har rett og slett ikkje plass til å lagre meir. Då må det vertfall gjentas og gjentas. Kunnskapen eller eigenskapane må bli automatisert. Først når ting blir automatisert kan man seia at man lagrar ting på langtidshukommelsen. Det vil da bli der for alltid. Døme på sånne ting kan vera å sykla og symja. Dette er ting man aldri gløymer ut korleis man gjer. Gongetabellen er også eit slikt eksempel. Den kommer automatisk, utan at man treng noko lang tenkingsprosess.

Derfor blir den store utfordringa for kvar enkelt å finne sin personlige lagringsknapp, så man kan lagre den kunnskapen man tar inn over seg. Denne lagringsknappen varierer nok voldsamt frå individ til individ. Man har ulike metodar for å hugsa ting. Eit godt eksempel på ein slik metode var videoen me såg i pedagogikken på torsdag. Denne reisa der man knyt forskjellige ting opp til rom man kommer i på reisa. Dette var heilt nytt for meg, men eg må sei det fungerte veldig bra. Lett huska eg rekkefølgja på landa me skulle hugse. Og trur også eg kjem til å hugse dei ei stund, så det syntest eg var ein veldig smart måte og hugse ting på. Det handlar altså bare om å finne den metoden som passar best for deg. På den måten kan du lagre viktig kunnskap på harddisken din, akkurat som på ein datamaskin.

Sko gjerna ønska at eg kunne oppgradert min harddisk av og til, føler til tider det kan var litt trongt om plassen der. Men den følinga har nok dei fleste hatt. Håpar vertfall det, at det ikkje bare er eg som har det sånn:)

God helg folkens, putt noko lurt inn på harddisken i løpet av helga :p

fredag 17. oktober 2008

Det hedonistiske prinsippet

I pedagogikken denne veka har me hatt om Behaviorismen og dei behavioristisk orienterte læringsteoriane. Eit viktig element som alle teoriane innan behaviorismen bygger på er det hedonistiske prinsippet. Det vil sei at mennesket har ein tendens til og søke glede og unngå smerte. Dette er eit av dei mest kjente motivasjonsprinsippa vi har og har ein sikker plass i folks teoriar om motivasjon.
For det er ingen tvil om at vist ein ikkje vil at eit barn ska gjenta noko det har gjort, er straff ein faktor som kan stoppe dette. Trussel om straff er også eit effektivt grep i skulen. Det er også lokkinga me forskjellige goder, som ungane skal få om dei oppfører seg fint. Det såkalla gullerotprinsippet.
Dette gullerotprinsippet er noko eg har erfart fungerer i praksis. Eg tydde til det når eg jobba på skule og sfo ved Førre skule. Eg hadde ansvaret for ei eiga gruppe på sfo. Det hadde vore ein del uro i gruppa mi ei stund, og eg hadde fått klager frå andre vaksne at ”mine” ungar gjorde mykje leven når dei var ute i skulegården og liknande. Dette måtte det tas tak i. Så eg snakka me gruppa mi og sa at dei ikkje kunna holda på slikt, og sa at vis det ikkje blei noko tull resten av den veka og neste, så skulle me lage bollar på slutten av veka. Endringa i oppførsel vart veldig tydelig. Plutselig var bøllene mine blitt snille som lam. Var tydeleg at dei hadde lyst å laga bollar. Så det hedonistiske prinsippet er heilt klart noko eg vil ta me meg ut i livet som lærar. Ønske jo naturlegvis at klassen skal væra rolege og jobbe godt heile tida, men det blir nok vanskeleg til tider, difor er det godt og ha nokre lokkemidlar ein kan dra fram.
Så dette temaet vekker jo då ein liten behaviorist i meg, og det er ikkje i tvil om at det er noko i nesten alle læringsteoriar som du føler passer eigentleg veldig bra, som du vil ta me deg i din eigen læringsteori. Læringsteorien me i mange år framover ska utvikla til at den er noko som akkurat me står for. Sånn at me ikkje bare prøver å kopiere ein bestemt retning som allereie er nedskreven, og følgja den til punkt å prikke, for det trur eg ikkje er oppskrifta til å bli den gode lærar.

Finn din egen sti og gå, men ta med deg alle nyttige ting du finn på vegen;)

torsdag 9. oktober 2008

Småjusteringar kan gjera underverkar!

Når eg jobba som assistentlærar ved førre skule, opplevde eg noko eg syns kan passa inn nå når me har hatt om kapitelet: undervisning, læring og leiing.
Eg var assistent i ein tredje klasse, og klassen skulle jobba med forskjellige ting. Læraren skreiv dei forskjellige oppgåvene på tavla, og elevane skulle jobba me det dei hadde lyst til å gjera først. Målet var at dei skulle bli ferdige me alt som stod på tavla. Når di var ferdige med kvar enkelt aktivitet, skulle dei gå fram til tavla og skrive namnet sitt under den aktiviteten di hadde gjort. Når læraren hadde forklart det, tok ho med seg elevgrupper inn på eit anna rom og hørte dei i lesing. Kan forresten nemna at denne læraren ikkje var deira klassekontakt, og at støynivået i klassen pleidde var høgare på fredagane når ho hadde dei. Eg var altså aleine igjen med resten av klassen. Det heile begynte bra, dei satt og jobba, og arbeidsroa var til stades. Problemet oppstod derimot med ein gong elevar byrja bli ferdige me ting, og skulle opp og skrive namnet sitt på tavla. Vandringa blei langt i frå ei stille ferd, og det blei mykje tatling. Det heile utarta seg og til slutt må eg innrømma at eg mista litt kontrollen. Det blei veldi mykje tatling. Og lite blei gjort av det som skulle ha vert gjort. Eg klarte å roe dei ned i periodar, men så skulle det skiftes lesegrupper, og elever kom springande inn og ropte at nå var det byttetid. Og dermed var det uroleg igjen. Sånn gjekk dei timane, rotete og utan mykje effektiv arbeidstid.

Her måtte noko gjerast! Neste gang klassen skulle ha same type arbeidsmåte, noko dei hadde kvar fredag, tok eg ordet i klassen før dei satt i gong med arbeidet og sa at i dag sko dei ikkje skriva namnet sitt på tavla, dei skulle heller skrive ned på eit ark dei tinga dei fekk gjort. Så snakka eg med læraren og spurde om det ikkje va lurast om ho følgde gruppene inn igjen når det var byttetid, at dei kunne gå roleg inn så ikkje heile klassen skulle bli forstyrra kvar gong. Noko ho var einige i.

Etter dette blei fredagsjobbinga noko heilt anna. Elevane satt og jobba, utan alle forstyrrande element og det blei også slutt på all vandringa. Og du verden kos mykje meir dei fekk gjort! Dei aller fleste fekk gjort ferdig alt før timane var ferdige, og eg måtte te å lage te ekstraoppgåver (som nok bar preg øve at dei blei laga på sparket) for å aktivisera dei. For det var jo ikkje lagt på førehand, for det pleidde jo ikkje skje at dei blei ferdige med alt.

Dette var ei nyttige oppleving for meg, og få oppleva det så tydeleg kor mykje små detaljar kan gjer for eit arbeidsmiljø. Av og til skal det ikkje så mykje til, det gjeld bare å tenke på kva som er rota til dei forstyrrande elementa og så prøve å luke dei vekk. Det er jo sjølvklart at det ikkje alltid er mogleg, men i detta tilfellet gjekk det vertfall supert:)

torsdag 2. oktober 2008

Undervisningsplanlegging!

Temaet har nå beveget seg over på undervisningsplanlegging. En lærer må planlegge undervisningen i flere nivåer. Planlegge et helt skoleår, planlegge perioder, uker, dager og til slutt enkle økter. Med andre ord blir det en del planlegging. Det jeg nå vil gå inn på er hva jeg mener er viktig å huske på når jeg skal planlegge en økt.

Når man skal planlegge en økt er det tre sentrale spørsmål som dukker opp. Hva er det vi skal gå gjennom, hvorfor vi skal gå gjennom det, og hvordan skal vi gå gjennom det.

Det første man altså må tenke på er hva skal innholdet i timen være. Er f.eks faget matte og temaet sansynlighet, seie det seg nesten selv at innholdet har om sansynlighetsrekning å gjøre. Det man da kan sette seg opp, er en mening om hva målet for denne timen skal være, hvorfor vi skal gå gjennom akkuratt dette stoffet. I dette tilfellet kan målet være å forstå begrepet sansynlighet, og hva dette er.
Deretter kommer man da til hvordan en skal oppnå dette målet. Skal man som lærer gå gjennom stoffet på tavla, skal elevene jobbe kvar for seg, elle skal di kanskje sitte i grupper å jobbe? Man må tenke på med hva arbeidsmåte man har størst sjangs til å oppnå målene med.
Hvordan man legger opp timen kan rammefaktorene var med på og avgjøre. Da man må tenke t.d på hva utstyr, tid og rom man har til rådighet. Dette er helt klart faktorer som spiller inn når ein lærer skal planlegge en økt. Noe som også er viktig å tenke på, er det at ikke alle elevane er like og har samme forutsetningar. Det betyr at man må prøve å tilpasse opplegget til hver enkelt elev, så godt det lar seg gjør.

Med andre ord er det litt av kvart å tenke på når man skal planlegge en økt. For oss studenter kan det kanskje nå i starten virka litt skremmende, at man skal bruke så mye tid på planlegge kvar økt. Men etter hvert som man har fylt ut en del sånne skjemaer for undervisningsplangging, blir det bare mer og mer automatisert, og man har på en måte skjemaet skissert oppe i hode, og kan se for oss hvordan vi vil timen skal være. Så det skal nok ikkje bli sånn at vi planlegge oss ihjel. Etter hvert som vi blir litt mer drevne kommer det til å gå som en drøm. Det var vertfall det jeg opplevde når jeg gjekk på idrett. Husker jeg satt så lenge å grubla på det me dette skjemaet, hva som egentli skulle inn der. Men etter som året gikk, ble ting bare klarere og klarere. Og planleggingen gikk bedre og bedre:)

torsdag 25. september 2008

Pedagogisk grunnsyn. Mitt ståsted, so far!

Kva er det egentlig me meiner me eit pedagogisk grunnsyn, kva er det?

Pedagogisk grunnsyn er dei ideane og oppfatningane som ligg i botn for dine pedagogiske handlingar. Moment som virkelighetsoppfatning, religiøs tru og livsyn, politisk ståstad og menneskesyn speler her inn.

Bowen og Hobson har grovsortert pedagogisk tenkning og praksis i to grupper; tradisjonalisme og progressivisme. Men som sagt er dette bare heilt grovsortert, og kan bare betraktas som ein innledande orienterting i det pedagogiske fagfeltet. Den store kontrasten mellom dessa to grunnsyna er at i tradisjonalismen var fokuset på noe. Det ble vektlagt at det var noen som ble undervist i noe. Det var faginnholdet som var i fokus, ikkje eleven. For tradisjonalistane var undervisninga overføring av kunnskap, læraren var autoritær og aktiv, mens elevane var stille og passive.
Den rake motsetninga er da progressivismen, som var elevsentret, her var det elevens interesser som var i fokus. Her skulle man lære gjennom å oppdage og kunstruere. Læreren var her som ein tilretteleggar, motivator og veiledar for eleven.

Men i hvilken av desse to grunnsyna kjenner eg meg sjøl igjen? Kven av desse to føler eg at eg representerer? Det kommer helt klart fram for meg at eg er ein progessivist. Når eg skal bli lærar, skal det var eleven som er i fokus. Som ein smart mann ofte seier i timen, er det stor forskjell på undervisning og læring, og eg er av den oppfatning av at elevar lærer mykje betre av å få var me å ta del i undervisninga, ikkje bare sitte stille og høyre etter / late som di høyrer etter. Så eg ser for meg meg sjøl som ein lærar som tilrettelegger, motiverer og inspirerer elevane til læring, gjennom god veiledning.

Men som nevnt tidelegare er dette bare grovtsortert, innan for desse to grunnsyna kjem der fleire andre syn. Me har blandt anna Psykoanalysen, Behaviorismen og Humanismen.

Etter å ha lest kva dei forskjellige står for, har eg merka at alle har noko som tiltale meg og det eg står for som framtidig lærar, men må sei at det er den humanistiske psykologien eg kjenner meg mest igjen i. Her er det det humane, det meneskelige som står i sentrum. Menneskesynet er her positivt, og mennesket er fra fødselen godt, fritt og ansvarleg. Man må gi barna sjangsen til å ta ansvar sjøl, når det gjelder å lære seg noko. Me kan ikkje bli ståande å banke kunskapen inn i hovudet deira. For mennesket er født med ein innebuande trang til å utforska og lære seg ting. Det gjeld bare å stimulera ønsket om å lære. Med andre ord legge til rette for at skulen skal bli ein inntresant lærestad. Dette er noko eg håper å oppnå når eg ein gong blir lærar.

Vil også trekke inn litt fra behaviorismen, dette meg "tabula rasa". At eit barn ved fødeselen er ei ubeskreven tavle. At alle barna har muligheten til å lære det meste, bare man får den rette påvirkninga og stimuleringa til å ville lære det. Går man virkeli inn for å lære noko så er eg overbevist om at det er mulig å få til. Det er selfølgeli enkelte som tar det fortere enn andre, men eg trur personli det er mulig for alle, det gjeld bare å "angripe" det på den rette måten.

Eg kan me andre ord ikkje sei at eg er ein typisk behaviorist elle humanist, men det er da heller ikkje målet, målet er å skape mitt eget pedagogiske grunnsyn, me å plukke litt her og der, og i løpet av skoleåra her på HSH reknar eg me eg kan ut i skolen med mitt Ole johanistiske grunnsyn inannfor pedagogikk, som eg nå er i ferd me å utarbeide. Men veien er fortsatt lang, utan at eg mistar motet av den grunn:)

torsdag 11. september 2008

Så var det klart for praksis!

Etter 4 veker her på HSH er me nå klare for praksis, elle rettare sagt observasjonspraksis. Me skal ut i skular og observere korleis det er der. Det er mange nyttige erfaringar me kan få oss på ei sånn veka. Men kva?

Nå når me skal ut og observerer, komme me te å få eit mykje klarare bildete øve korleis skulekvardage er idag, den er sikkert veldigt forandra i forhold til ka mongen opplevde når dei sjølv gjekk på barnaskulen. For min egen del har eg allerede jobba 2 år på skule, så eg vil sei eg allerede har eit godt innblikk i korleis det foregår, men vil det sei at denne observasjonspraksisen ikkje er like nyttig for meg? Absolutt ikkje! For skulekvardagen fra ein skule te ein anna kan var som natt å dag. Eg har jobba på to forskjellige skular å må sei at skilnaden mellom dei var merkant! Eg var først på ein skule der alt virka greit, skulen var oversiktleg, klasseromma var romslige og det virka som eit godt læremiljø for dei små håpefulle som gjekk der. Før ferda mi tok meg til ein skule der alt virka heilt ut av kontroll, kapastiten på skulen var heilt sprengt i antallet elevar, der yldra øve alt, masse bråk å for meg virka det som fullstendig kaos. Det var ingen lett jobb å var lærar der, utfordringa for å skapa eit godt læremiljø var stor. Etter første dagen min der må eg innrømma at det var ein ganske forundra kar så satte seg i bilen å kjørte heim. Hadde aldri førestilt meg den enorma forandringen me å bytta fra ein skule til ein anna. Heldigvis er dette noko kommunen er i ferd me å gjer noko med, ein ny skule er under oppbygning, for å dele opp det altfor store elevantallet. Heldigvis, men me må var oppmersame på at på nokre skular er kvardagen sånn.

Dette var eit døme på kor stor skilnaden i skulekvardagen det kan var fra skule til skule. Det er noko me bør tenka øve når me nå ska ut i praksis, ver klar øve at sånn di gjer det på akkuratt den skulen me er på, absolutt ikkje treng var fasitsvaret på korleis ein skule blir dreven i dag. Derfor er det vikti at me får komme ut å sjå, korleis gjer dei det her? syns me det er den beste måten, eller ville me kanskje ha løyst den oppgava/situasjonen på ein anna måte. Viktig at me drøftar med medelevar det me observerer. Høyre kva di andra syns om det me har vore me på. For me komme utvilsomt til å få mange mange gode tips, til me sjøl skal bli lærarar. Men kanskje også nokon me ikkje trenge ta med oss videre. Derfor eg det vikti at me møter opp lærevillige, og ikkje allerede ha ei formeing om at den måten me trur me ville gjort ting på nødvendigvis ville vore den beste. Kan godt var at den er det, men åpenheten for nye metodar må var til stede. Vis ikkje kan me likegodt holde oss heima.

Eg gler meg vertfall til praksisveka, og til å suge te meg alle nyttige tips. Me er der tross alt for å lera, og eg er sikker på at me får mykje nyttig å putte opp i kunnskapssekken vår, i vår ferd mot å bli den gode lærar.

Og det vil me vel alle bli?:)

lørdag 6. september 2008

Hvorfor vil jeg bli lærer?

Som så mange andre sikkert svarte da de på barneskolen ble spurt om hva di skulle bli når di ble store, svarte også jeg at jeg vertfall ikke skulle bli lærer! Men hva har skjedd, fra da til nå? Hva har forandret mitt syn på læreryrke så radikalt at jeg nå sitter på skolebenken for å bli nettopp lærer?

Min ”lærerkarriere” startet etter videregående, når jeg totalt uten å vite hva jeg ville bli, endte opp på idrett grunnfag ved HSH på Stord. Skal innrømme at eg viste lite om hva det egentlig var jeg hadde begynt på. Og at vi skulle ut i praksis kom derfor som en stor overraskelse på meg. At dette virket skremmende skal eg ikke nekte for. Meg som lærer, kunne det gå bra? Praksisen og året på HSH gjekk imidlertid over all forventning. Det å prøve seg litt som lærer ga mersmak. Dette var noe jeg ville teste ut mer, og det fikk jeg muligheten til da jeg i stedet for militære skulle ut i siviltjenste. Jeg blei plassert på Grinde skole, hvor jeg skulle fungere som lærerassistent. Men jeg fikk fort beskjed om at jeg skulle bli satt til større oppgaver enn som så. Der fikk jeg tildelt ansvaret for gymnastikken for 3 trinn, så dette blei et veldig lærerikt år for meg, selv om jeg i starten stussa litt på om jeg var moden for dette, med all planlegging og det som følgte med et slikt ansvar. Men dette gjekk overraskende bra. Jeg hadde det kjekt og elevene hadde det kjekt, og jeg lærte veldig mye om hvordan jobbhverdagen til en lærer kan være.

Det å jobbe et helt år på skule, med så mange kjekke kollegaer å kjekke barn, var til stor inspirasjon for meg. Det å virkelig kunne hjelpe disse barna til å endelig forstå ting di kanskje hadde slitt med på skolen tideligere, være der for dem, å hjelpe dem og virkelig føle at du gjør noe nyttig for alle disse barna. Dette var noe jeg kunne tenke meg å jobbe med, uten tvil. Læreryrket virker så mye mer inspirerende når du har vert der og opplevd det fra en lærers ståsted, enn fra en elevs.

I og med at siviltjenesten min var over først i november var det ingen mulighet for å ta opp igjen lærerstudiene i fjor, derfor fekk eg jobb på Førre skole, der eg var assistent og var med en del inn mot enkelte spesialelever. Det å være med på å sjå den utviklingen de hadde pga jobben eg som lærer var med å gjorde, var veldig gledelig og oppleve for min del. Sjøl om det var noen veldig harde å frustrerende dager, var det likevel en glede å gå på jobb, når du går til jobb i vissheten om at den jobben Jeg skal gjør i dag kan bety så uendelig mye for den/de elevene. Jeg vil si det er hovedgrunnen til mitt yrkesvalg, gleden av å kunne hjelpe!

Når man har vert og opplevd skolehverdagen som lærer innser man fort at en lærer har flere roller en å bare lære fra seg. På barneskolen blir man nesten som en reserve foreldre, der oppdragelse må stå sterkt i fokus. Du må også kunne opptre som ”ambulansepersonell” om en ulykke skulle inntreffe, for hva gjør du om det skulle skje noe når du er alene med klassen, en knekt arm eller fot, du må være forberedt på det meste. Du må var både støttespiller å venn. Og i tillegg skal du var den myndige og respekterte lærerskikkelsen i klassen, sjefen! Så det e og var lærer er ingen enkel sak, men det er ei utfordring jeg ser fram til å ta fatt på. Eg er ganske overbevist om at dette er yrket for meg, eg håper eg har rett!

onsdag 27. august 2008

En lærer jeg husker!

Det var det året jeg skulle begynne i 6 klasse at denne læreren kom inn i min skulehverdag.
Me visste me skulle få ny lærer, som var helt ny på skolen, og for første gang skulle me ha en mann som klasseforstander. Mange i klassen var spente på akkuratt det, mange av oss hadde av en eller annen grunn den innbillingen at alle mannlige lærerer var sånne sinte å sure å ikke minst skumle personer, så skulle skremme kunnskapen inn i hodet på oss. Men me kunne ikke ha tatt mer feil! Han kom inn i klasserommet første dagen, det var nesten som at en kunne se på han at han var kjekk. Han var nettop ferdig me utdanningen sin og me var første klassen hans.
Han fortalte om ting me skulle gjøre det året og sånne ting, han var så entusiastisk, det virket som om han virkelig gledet seg til dette året. Den entusiasmen smittet virkelig over på oss elevene, det var ikke ofte eg gikk hjem fra første skoledag å virkelig gledet meg til fortsettelsen. Og det gjorde jeg me god grunn, året i 6 klasse er det kjekkeste året eg hadde i grunnskolen, uten tvil. Men hvorfor? Hva var det med denne læreren som va så speiselt?

Den viktigste årsaken for min del er den tryggheten han skapte i klassen, den tryggheten han ga oss om at dette skulle me klare ilag. Om noe gjekk litt tregt for enkelte, så var det aldri sånn: "nei dette må du bare læra deg, med gang, visst ikkee kommer du til å slite i dette faget". For noen er kanskje det den beste fremgangsmåten, men for meg var det absolutt ikke sånn. Det var ikke ordene eg trengte høre om jeg slet me noe, det var her eg syns han var unik. Måten han ufarliggjorde det de enkelte kanskje slet med, "dette er ikke noe problem Ole Johannes, dette skal me ordne i lag, jeg å du". Det å føle den nærheten til læreren, føle at læreren virkelig bryr seg om deg, og ønske sterkt at nettopp du skal klare å lære det han går gjennom synest jeg er ekstremt viktig.

Han var en av oss denne læreren, en av gjengen, rett å slett en kul type, som me fleste såg opp til. I friminuttene var han som en kompis og kunne tulle og tøyse, mens når det ringte inn var han læreren, som fikk alle til å syns at skolen var kjekk. Måten han gjorde det på var med sitt gode humør, en god lærer må kunne spøke å ha det løye i skolen, så det ikke skal bli så altfor seriøst å kjedelig. Man lærer så utrolig mye mer om man har det kjekt når man skal lære om det. Det er det ingen tvil om, og det er noe jeg vil legge vekt på når jeg en dag er den som skal stå der oppe me tavlen å undervise. Prøve så godt jeg kan å motivere til læring gjennom humør å gleden over å få undervise i akkuratt dette faget, dette er kjekt! Det smittet vertfall over på meg som elev:)

fredag 22. august 2008