fredag 28. november 2008

Evna til å søka hjelp!

Eg som har jobba litt i skule, har opplevd litt av kvart når det gjeld detta med å spør om hjelp. Det å bruka denne muligheita elevane har i skulen. Det er jo derfor me lærarar er der. For å rettleie dei og hjelpe til så dei forstår det dei skal læra.

Men bruker alle dette hjelpemiddelet? Langt i frå. Det er vertfall mi erfaring frå skulen. For her er barn veldig forskjellige. Nokon spør om alt, fordi dei ikkje gidder å tenke sjølv. Nokon trenge ikkje spør om hjelp, fordi dei får til alt sjølv. Men så er det også nokon som sitter der, dei rekker ikkje opp handa, men vis du går bort til dei, så ser du heilt tydeleg at dei ikkje veit kva dei skal gjera. Nokon er lette å oppdage, for dei sitt kanskje bare å ser ut i lause lufta å tankane bare svirra i hovudet. Men så er det også dei, som prøver så godt dei kan å skjule arbeidet sitt, elle mangel på arbeid for den saks skyld. Dette opplevde eg som eit problem. Kva skal du gjera med dei som ikkje vil ha hjelp? Og kvifor er det sånn?

Inntrykket eg har fått er at det nesten verkar som om at det er flaut å ikkje få til noko. Sånn syntes eg faktisk det var litt sjølv når eg gjekk på skulen. Husker eg hadde problem med å takle det på ein god måte, det at eg ikkje fekk til og meistra det som dei andre elevane meistra. Men då spurde eg som oftast om hjelp. Men som sagt har eg opplevd det fleire gonger at det er elevar som ikkje spør om hjelp, dei prøver heller å late som om at dei gjer noko, sånn at dei ikkje ska tiltrekka seg merksam frå lærarane. Og er dei gode til det, så er det ikkje alltid lett for oss lærarar og hjelpe. Det som er så dumt er jo at læringsutbytte til desse elevane blir jo då tilnærma lik null. Og det er ikkje bra.

Dette er noko me alle må vera obs på når me skal vera lærarar, me må vera veldig observante, og prøve å kartlegge desse ”luringane” tidleg. Og prøve bygge opp eit godt forhold til dei, å prøve å finne ein løysning på det, sånn at denne eleven skal bli meir å meir fortrolig med det å spør om hjelp når det er noko ein ikkje får te. Det er kje noko som skal vera flaut, langt der i frå. Emna til å søka hjelp er ei svært viktig eigenskap for elevane i skulen. Og det er vårt ansvar å gjera dei bevisste på dette!

søndag 23. november 2008

Stillasbygging!

Det me har hatt om i pedaogikken den siste veka har eg syntes har vore svært så inntresant. Det eg har valgt og skrive om er dette med scaffolding, eller stilasbygging som me også kan kalle det.

En inntresant illustasjon på dette er den me den nærmeste utviklingsonen, der det viser ein sone for kva eleven kan klare på egenhånd, og ein sone utanfor for ting eleven kan klare med hjelpemiddel. Denne sonen viser på ein måte hva eleven er i stand til å klare om han får dei rette hjelpemiddela (lærarar, gjenstandar ol) Denne ytre sonen må ikkje vera for langt ute eller ha for stort sprik frå det elevane allerede behersker. Men den må også vera på eit høgare nivå sånn at eleven har nye mål å strekka seg etter. Hjelp og støtte i denne sonen er det som kalles stilasbygging. I starten treng eleven masse hjelp, og læraren må vise alt, etter kvart får eleven det meir og meir te og læraren kan da trekke seg meir og meir vekk. Derfor ser me på figuren av stilaset at stilaset går meir og meir ut te lenger opp man kommer.

Men er dette med stilasbygging bare aktuelt i skulen? Absolutt ikkje. dette er det samme man ser igjen når man for eksempel skal ut og vare lærling. Da er det masse det same prinsippet.

Eg har eit eksempel på stilasbygging i mitt eige liv. Eg var ikkje lærling, men eg jobba som sivilarbeidar i Skjold IL. Der hadde dei nettopp starta med fotballfritidsordning, som eit alternativ til den vanlige SFO. Og dette skulle eg vera med på. Ikkje aleina, men ilag med ein erfaren trenar som jobba som heiltids fotballtrenar. I starten var eg bare med som diltus for han, og satte ut kjegler og sånn. Då lærte eg mykje av sjå på han. Han var min modell. Etter kvart fekk eg meir og meir ansvar. Og fekk ha ansvar for små deler av økta, eller små grupper. Han var da til stede og kunne gi meg litt tebakemelding te meg, ka eg kunne gjort annleis og sånn. Etter kvart blei eg bare betre og betre i trenarrolla og fekk meir og meir tillit. Og etter nokre månadar, trong ikkje idrettslaget hente inn ein ny trenar når denne trenaren ikkje kunne stilla opp. Då fekk eg rett og slett heile ansvaret aleina.

Han hadde då rett og slett vore stillaset mitt, heilt til eg sto støtt på egenhånd og han meinte eg ikkje trong noko stillas lenger. Dette er noko eg selfølgeleg har vokst på og har nå ikkje noko problem med å klare noko eg ikkje trudde eg skulle klare før dette. Eg utvikla sonen for ting eg kunne klare på eigenhånd, med at eg fekk go hjelp og veidledning i den nermaste utviklings sonen min.

Stillasbygging folkens!!;)

søndag 16. november 2008

Konstruktivismen

I konstruktivismen legger man vekt på at det er kvart enkelt individ som på konstruere sin eigen kunnskap. Kunnskap er ikkje noko som kan overførast, som ei ferdig ”vare” frå ein person (lærar), til ein anna (elev). Man meinte at man ikkje lærer noko av å få ytre stimulerande påverknadar, men at man måtte prøve ut ting sjølv og på den måten læra av det. Ein av dei så var først ute med å påpeika viktigheita av elevens deltaking når det gjaldt læring var, filosofen og pedagogen John Dewey. Han er mest kjent for sitt ord: ”learning by doing”. Å her kjem det godt fram kva han meiner må til for å ha god læring. Elevane lærer av å gjer ting, å utforske å prøve ting ut sjølv. Han var sterk motstand av den tradisjonalistiske måten å tenke skule på, der det var læraren som var i fokus, og elevane bare satt passiv og skulle ta inn over seg denne kunnskapen som lærarane prøvde lære frå seg. Det er viktig å få med at Dewey meiner ikkje at det er nok å bare gjer ting, handling er ikkje tilstrekkeleg for læring meiner han. Og i det ligg det at man må også reflektere og resonnere over det man har gjort, og at det er denne koplinga mellom handling og refleksjon som er det sentrale i hans teorier. Utan denne refleksjonen ville det bare blitt prøving og feiling.

Eg er einig i Dewey sin teori. Og trur nok eg vil bruke noko av det han seie og hans teoriar, når eg er ferdig utdanna som lærar. Eg gjekk også ut frå hans teori når eg planla mi mattematikkøkt, i samband med undersøkingslandskapet eg skulle leggja til rette for i matte og pedagogikk oppgåva mi.

Spesielt dette meg refleksjon synest eg er viktig, det at me snakkar om det etterpå. For det er mykje du gjer på skulen, som liksom er grei skuring, men så når timen er slutt så kan du tenka, kva var det me eigentleg gjorde nå? Du lærer mykje av å prøve å sette eigne ord på det du har gjort og lært. Gjere kunnskapen din på ein måte, og dette er jo det som ligg i ordet konstruktivismen. Det at du skal konstruere din egen kunnskap, at det ikkje nytter å møte opp på skulen som ei tom flaske, og forvente å bli fullt opp.

fredag 7. november 2008

Hjernen, ein datamaskin?

I kognitivismen er det de som skjer inni hovudet som er i fokus. Dei kognitive teoriane fokuserar på tankeprosessane til mennesket.

Noko eg syntest var spesielt interessant innan kognitivismen er modellen der menneskehjernen blir samanlikna med ein datamaskin. Dette syntest eg var ei god samanlikning. For det er jo mange måtar sånn det er. Du sansar så mykje, men det er absolutt ikkje alt du plukkar opp. Men noko kan det lika vell var du legg ekstra godt merke til. Man bite seg rett og slett fast i det. Og det blir dermed lagra i korttidsminnet vårt. Akkurat som i ein datamaskin. Skulle du derimot gløyme å lagre det du har på datamaskinen, og dataen slår seg av, er plutselig alt vekke. Ting som ligger i korttidsminne blir der ikkje for alltid om man ikkje lagrar det.

Sånn er det også med hjernen vår. Man lærer seg noko for at man skal kunna det, til ein prøve eller ein anna viktig hendig, får så og oppleve at kunnskapane sakte men sikkert svinner hen igjen. Eg lærte meg blant anna alt om musklar og muskelfester og utspring og alt sånn når eg tok idrett grunnfag. Då var det pugging, pugging og atter pugging. Etter kvart satt mykje av det veldig bra, og anatomieksamenen gjekk bra. Men den dag i dag, 2 og eit halvt år etter, huskar eg så og sei ingen ting av det lenger. Synd men sant. Kvifor er det sånn? Gløymde eg å trykke på lagreknappen etter eg var ferdig? For kvar er eigentleg ”lagreknappen” vår, i vår hjerne. Husker du ting med å bare pugge det? Min erfaring er at me ikkje gjer det. Dersom det ikkje er noko du er nokså interessert i vel og merke. For ting du bryr deg om huskar du møkje lettare. Eg for eksempel huskar jo namn og historia til ekstremt mange fotballspelarar eg har sett og høyrd om gjennom åra, det er nesten så eg er redd for at eg har fullt opp harddisken min med alt detta fotballstoffet. Så eg har rett og slett ikkje plass til å lagre meir. Då må det vertfall gjentas og gjentas. Kunnskapen eller eigenskapane må bli automatisert. Først når ting blir automatisert kan man seia at man lagrar ting på langtidshukommelsen. Det vil da bli der for alltid. Døme på sånne ting kan vera å sykla og symja. Dette er ting man aldri gløymer ut korleis man gjer. Gongetabellen er også eit slikt eksempel. Den kommer automatisk, utan at man treng noko lang tenkingsprosess.

Derfor blir den store utfordringa for kvar enkelt å finne sin personlige lagringsknapp, så man kan lagre den kunnskapen man tar inn over seg. Denne lagringsknappen varierer nok voldsamt frå individ til individ. Man har ulike metodar for å hugsa ting. Eit godt eksempel på ein slik metode var videoen me såg i pedagogikken på torsdag. Denne reisa der man knyt forskjellige ting opp til rom man kommer i på reisa. Dette var heilt nytt for meg, men eg må sei det fungerte veldig bra. Lett huska eg rekkefølgja på landa me skulle hugse. Og trur også eg kjem til å hugse dei ei stund, så det syntest eg var ein veldig smart måte og hugse ting på. Det handlar altså bare om å finne den metoden som passar best for deg. På den måten kan du lagre viktig kunnskap på harddisken din, akkurat som på ein datamaskin.

Sko gjerna ønska at eg kunne oppgradert min harddisk av og til, føler til tider det kan var litt trongt om plassen der. Men den følinga har nok dei fleste hatt. Håpar vertfall det, at det ikkje bare er eg som har det sånn:)

God helg folkens, putt noko lurt inn på harddisken i løpet av helga :p