fredag 13. februar 2009

Motivasjon!

Motivasjon er viktig for elevane i skulen. Motivasjon kan delast opp i indre og ytre motivasjon. Ved indre motivasjon er det ofte interessa for ein ting som kan drive elevens innsats, at de syns det er noko veldi kjekt å læra om. Mens med ytre motivasjon kan det vara noko utanforståande som driv eleven i form av ei belønning eller liknande. Gullerotprinsippet er eit fint døme då dette.

Det er heilt klart best om alle elevane vart drevet av den indre motivasjonen. At dei syntes at alt på skulen var så kjekt at dei gledeleg oppførte seg eksemplarisk og gjorde alt det dei skulle uten å lage bråk og lignande. Men lev me i ein slik drømmeverden? Nei!

Så av og til treng elevane ei stimulering utanfrå som får dei til å ute sitt beste. Og det har eg lyst å dele mine erfaringar med. Det er heilt klart at ei gullerot kan gjere underverker i ein klasse. Har opplevd det sjølv ved fleire annledningar. Etter mi tid som assistent i skulevesenet, har eg observert kossen mange lærarar brukar denne metoden for å motivere elevane sine. Men det går vel ikkje an å ”lokke” elevane gjennom 10 år i grunnskulen? Derfor eg det viktig å avgrensa bruken av gullerøtter, du må ikkje bruke heile klasen med ein gang. Då kan du fort få problemer som lærar. Tenk om du lokkar elevane til å var arbeidsame og rolige med belønning heile tida, då kan du fort få problem med å få dei til å gjere noko utan belønning med ein seinare anledning, for kvifor skal dei gjere noko utan å få belønning, som dei fekk det for i førige veke? Eg hadde vertfall tenk på den måten, elle tenkte på den måten når eg gjekk på skule. Vis beskjeden før timen er: ”Vis dokke er snille og jobbe fint nå, så skal dokke få lenger friminutt.” så sa det seg sjølv at det funka bedre enn om at læraren bare bad oss om å vera stille.

Detta opplevde eg sjølv i aller høgaste grad når eg jobba ved ei Skule fritids ordning. Eg hadde ansvaret for ei ganske bøllete gruppe, og sleit ofte med å få dei til å roe seg ned, det var ofte kaos. Så eg bestemte meg for å lokke dei med at me skulle gjere kjekke ting, vis dei oppførte seg fint. Lokka me boller, vafler, kakao, bruk av gymsal, dataspeling osv. Og det fungerte jo utmerket det, te dess eg ikkje hadde så mange fleire gullerøtter på hand. Då var det tilbake til kaoset igjen. Eg ga beskjed om at dei skulle vara rolige, men fekk bare te svar: ”ka får me for det da? Me trenge ikkje vera rolige om me ikkje får noko for det”. Så eg brende meg kraftig på akkurat det der. Så det er ein erfaring eg tar me meg, du lærer av dine feil.

Så konklusjon når det gjelder å bruka belønning som virkemiddel, må var at ein ikkje må overdriva det. For det er ingen tvil om at ytre motivasjon fungerer veldi godt om du vil ha rask resultat. Men overdreven bruk kan føre til at det til slutt verkar mot sin hensikt. Det kan eg skriva under på!

søndag 1. februar 2009

Konstruksjon og design prosjekt!

Me møtte opp på sagvåg skule Fredag den 9 januar. Spente og litt intetanande om kva det var me no skulle gjera. Me visste det var noko med First Lego League. Men det var og alt. Vel framme på skulen, fekk me ein gjennomgang av kva me skulle gjera av rektor Lars Bakka. Me brukte deretter litt tid på å installere dei rette programma inn på dataene våre. Det tok sin tid i og med at det bare var to cd`ar tilgjengelege. Men etter ei god dataøkt var dataene våre fit for figth! Alle praksis elevane på sagvåg skulle delast opp i 6 grupper, to og to, men i og med at me plutseleg ikkje hadde rette type robotar til å klare detta, blei det i staden to grupper med 6 på kvar. Det bynte der og da allerede å bygge seg opp mot den store konkuransen detta skulle endå opp i. Deretter blei me opplert i First Lego League av elevane på sagvåg som hadde heldt på me detta i skulen. Det var ingen tvil om at dei var veldig inni detta, å viste godt kva dei snakka om, så godt at eg datt ganske fort av lasset, men me den vissheten at detta var noko me greit kunne få til med å ta tida til hjelp, så avansert var det ikkje. Resten av dagen gjekk til å prøve seg fram med roboten. Mitt lag tok det ganske kuligt denne dagen, mens dei andre var i fyr å flamme, og hoia å skreik for kvar minste ting dei fekk roboten til å gjer. Ganske irriterandes egentlig, så me bestemte derfor å ikkje la det drøye så altfor lenge og tok turen heim. Egentlig uten heilt å veta kva detta skulle endå opp i, me var klar øve at me skulle ha ein robotkamp, men alt det andre som skulle skje, var veldig fjernt for oss på vår gruppe. Me lot det derfor ligge øve helga og møtte opp med opplada batterier, mandagen der på.

Denne veka skulle bli begivenhetsrik. Roboten bjynte etterkvart å utføre det me ville den skulle gjer, for så å ikkje klare det lenger, uten at me forstod noko som helst av det! Det var med andre ord ei veka med mange oppturar, å mange nedturar å ulideli fortvilande øyeblikk. Var mange ganger me bare ville hive roboten i veggen. Og sånn gjekk dagene, prøving og feiling om ein annen, mens me veksla av med å slenge verbale stikk bor t til det andre bordet kor det andre laget holdt til. Utpsykinga var ein viktig del. Desse dagane var alt fokuset på konkurransen som skulle var torsdagen, ingen tenkte på den skriflege delen, det handla bare e om å få roboten te å sanka inn nok poeng på konkuransedagen til å knuse motstandarane våre, som itte mi meining var altfor høge på perå! Kjente det tente konkuranseinnstinktet mitt veldig å høyra på dei. Me måtte bare vinna!

Konkuransedagen kom, stemninga bland tilskoderane va veldig god! Ønsket om å lukkast blei bare endå større. Laga bestod av: Team Nudder: Vegard, Silje Anita, Lasse, Kjersti og meg sjølv. Og Team Rocket: Magnar, Astrid, Anders, Jan Even, Siri og Marie. (elle wannebee rocket scientists nr. 1,2,3,4,5, og 6 om du vil)

Konkursen blei ei nervepirrande oppleving, men til sjuande og sist vart det aldri tvil om kor seieren ville gå. Me var det andre laget totalt overlegne og var best i samtlege 3 omgangar. Med andre ord ein fullt fortjent seier. Nå var det vår tur til å var litt hovne:)

Men seiersgleden måtte legge seg etter ei stund den og, og arbeidet med å planlegge framføring og praksisdag måtte starte. Me delte oss opp i mindre grupper. Både med tanke på framføring og dagen i praksis. Framføringa kom i første sete. Og me blei enige om at Eg, Silje Anita, Siri, Marie og Astrid tok oss av fagteksten, Magnar, Jan Even, Vegard og Kjersti tok seg av å lage manualar te korleis robotane var bygde opp. Anders og Lasse tok seg av det å programmere roboten. Fredagen og helga blei satt av til dette og me avtalte å møtast igjen, på måndagen, då for å planlegge undervisning opplegga, for så å samkjøre alt tirsdag og onsdag med tanke på framføringa som skulle var på torsdagen. Eg var med Jan Even og Magnar på gruppa som skulle stå for tårnbygging. Så me lagde eit opplegg for det. Detta var noko me hadde god kontroll på korleis me ville gjera så det tok ikkje longe tida.

Når heile gruppa møttest igjen på tirsdagen, var me blitt redusert i antall, sjukdommen hadde tatt gruppa, og det blei derfor ingen gjennomgang av det me skulle framføre. Visa gjentok seg på onsdagen så me møtte opp på torsdagen uten noko gjennomgang av det me ville vise fram. Me mangla også denne dagen to mann, eller damer for å var meir korrekt, så det heile blei litt amputert av det. Men eg syns me løyste det greit. For min egen del gjorde ein litt dårlig jobb i forberedninga, til at eg blei litt manusbinda, å det er jo ikkje så bra. Lærepenge til meg sjølv der til neste gong!

Men framføringa gjekk bra den sånn sett frå gruppa sitt ståsted, så me er fornøyd me den. Den blei kanskje litt lang, men håpe alle følte me i store deler av den:)

Siste delen av dette prosjektet var å gjennomføre undervisningsopplegga våre i praksis. Dette blei gjort sånn at elevane i 5,6 og 7 klasse blei delt i 3 grupper på tvers av klassane. Me studentane hadde også delt oss i tri, og alle gruppene skulle innom kvar studengruppe. Dei skulle då var på kvar plass i ein time. Me trudde det kanskje skulle bli litt lenge, men det viste seg å gå knirkefritt. Elevane bygde tårn, kyrkjer, plattformer, pyramidar, omvendte pyramider, og ja alt du kan tenka deg av tragiton klossane. Dei var så oppslukte at dei hadde vanskelig med å ta farvel me bygningane sine når økta var slutt og det måtte rivast. Oss vaksne på gruppa gjekk rundt og ga elevane nye utfordringar og ga dei tips og hint om korleis bygningane kunne bli betre og meir stabile, slik at dei kunne stå i mot ein real storm. Me la og inn konkuransar etter kvart, som gjekk ut på å bygge det høgste tårnet på 10 min og lignande. Dette blei godt mottat. Så denne dagen gjekk veldig bra.

Så nå når heile prosjektet er over og me er i mål, er det med ein god følelse. Det har vore eit kjekt prosjekt, og ikkje minst lærerikt. Ikkje bare å holde på med det mi eiga gruppa har holdt på med, men og å høyra om det alle dei andre har gjort desse vekene. Har også vore nyttig det å ha denne praksisdagen, om konstruksjon og design ute i skulen. For å få erfaringar om korleis det er å arrangere ein sånn dag, det har me alle godt av.
Når det gjeld sjølve opplegget, så trur eg det var mange av oss så var litt oppgitte i starten, å ikkje vist heilt kor detta bar hen. Lite informasjon var gitt på førehand, og detta førte til litt frustrasjon hos enkelte, men det har jo komme fram i ettertid at detta var me hensikt frå læraranes side, at me sko få oppleve akkuratt det der, å var litt i vilrede. Så det er vel ein nyttig erfaring å ta med seg det og. Ellers syns eg det var litt dårleg at det ikkje var sjekka opp i dette me at robotane HSH var i besittelse av holdt stand, at me ikkje fann ut det før dagen me byrja. Så då blei jo ikkje opplegget sånn som det vart planlagt. Men me gjorde det beste ut av det, og gjennomførte med stil vil nå eg sei.

Kjekke veker, med mykje ny lærdom til oss studentane, det er min konklusjon, og eg trur mange er enige med meg i det:)