fredag 13. februar 2009

Motivasjon!

Motivasjon er viktig for elevane i skulen. Motivasjon kan delast opp i indre og ytre motivasjon. Ved indre motivasjon er det ofte interessa for ein ting som kan drive elevens innsats, at de syns det er noko veldi kjekt å læra om. Mens med ytre motivasjon kan det vara noko utanforståande som driv eleven i form av ei belønning eller liknande. Gullerotprinsippet er eit fint døme då dette.

Det er heilt klart best om alle elevane vart drevet av den indre motivasjonen. At dei syntes at alt på skulen var så kjekt at dei gledeleg oppførte seg eksemplarisk og gjorde alt det dei skulle uten å lage bråk og lignande. Men lev me i ein slik drømmeverden? Nei!

Så av og til treng elevane ei stimulering utanfrå som får dei til å ute sitt beste. Og det har eg lyst å dele mine erfaringar med. Det er heilt klart at ei gullerot kan gjere underverker i ein klasse. Har opplevd det sjølv ved fleire annledningar. Etter mi tid som assistent i skulevesenet, har eg observert kossen mange lærarar brukar denne metoden for å motivere elevane sine. Men det går vel ikkje an å ”lokke” elevane gjennom 10 år i grunnskulen? Derfor eg det viktig å avgrensa bruken av gullerøtter, du må ikkje bruke heile klasen med ein gang. Då kan du fort få problemer som lærar. Tenk om du lokkar elevane til å var arbeidsame og rolige med belønning heile tida, då kan du fort få problem med å få dei til å gjere noko utan belønning med ein seinare anledning, for kvifor skal dei gjere noko utan å få belønning, som dei fekk det for i førige veke? Eg hadde vertfall tenk på den måten, elle tenkte på den måten når eg gjekk på skule. Vis beskjeden før timen er: ”Vis dokke er snille og jobbe fint nå, så skal dokke få lenger friminutt.” så sa det seg sjølv at det funka bedre enn om at læraren bare bad oss om å vera stille.

Detta opplevde eg sjølv i aller høgaste grad når eg jobba ved ei Skule fritids ordning. Eg hadde ansvaret for ei ganske bøllete gruppe, og sleit ofte med å få dei til å roe seg ned, det var ofte kaos. Så eg bestemte meg for å lokke dei med at me skulle gjere kjekke ting, vis dei oppførte seg fint. Lokka me boller, vafler, kakao, bruk av gymsal, dataspeling osv. Og det fungerte jo utmerket det, te dess eg ikkje hadde så mange fleire gullerøtter på hand. Då var det tilbake til kaoset igjen. Eg ga beskjed om at dei skulle vara rolige, men fekk bare te svar: ”ka får me for det da? Me trenge ikkje vera rolige om me ikkje får noko for det”. Så eg brende meg kraftig på akkurat det der. Så det er ein erfaring eg tar me meg, du lærer av dine feil.

Så konklusjon når det gjelder å bruka belønning som virkemiddel, må var at ein ikkje må overdriva det. For det er ingen tvil om at ytre motivasjon fungerer veldi godt om du vil ha rask resultat. Men overdreven bruk kan føre til at det til slutt verkar mot sin hensikt. Det kan eg skriva under på!

5 kommentarer:

Anders sin pedagogikkblogg sa...

Hei, Ole!

Du har skrive ein noko kort, men presis og lettlest tekst, der du tek for deg prinsippet om ytre motivasjon.

Du har eit godt poeng i at ytre motivasjon er ein metode som fungerer i mange samanhengar, men baksida er som du illustrerer, at når den avtar, vil den indre motivasjonen forsvinne. Bra!

Du viser evne til å setje stoffet inn i andre samanhengar, der du knytter temaet ditt opp mot fritidsordninga. Eit godt eksempel!

Skulle gjerne har sett deg gape over litt meir. Eg sakner ei breiare omhandling av motivasjonsbegrepet. Begrep som attribusjon, forventning og spegling, er noko av det du kunne ha "toucha" innom.
Du viser flott formuleringsevne og refleksjon til temaet du tek opp, derfor må du ikkje spare på kruttet ditt. Veit i alle fall du har nok krutt på fotballbana=)

Lykke til vidare!

-Anders

Ole Johannes sa...

Takk for god tebakemelding Anders, der e du ein 1er:)

Enig i det at eg burde ha gapa øve meir, men har rett å slett vore inni ein liten downperiode når det gjeld skulen og skulearbeid i det siste. Så det blei den litt lettvindte løysninga her. Men skal ta meg i nakken nå framøve, så satse på meir krutt i mine framtidelige bloggar:)

Marianne sa...

Hei!
litt feedback frå meg og:
two stars and a wish:)

For det første må eg seie at teksten var artig å lese. Den er som Anders påpeika, lettlest, og du er flink til å nytte eigne erfaringar, både dei du har fått som elev, og assistent.

Synest du får fram dei ulike sidene ved ytre motivasjon på ein bra måte. Ser heilt klart nytta av ytre motivasjon, men overdriving kan, som du gjev eit godt døme på, få uønska konsekvensar. Bra konkretisering med gullerotprinsippet!

Du nevner indre motivasjon, har du nokre tankar rundt korleis du kan hjelpe elevane med å auke den indre motivasjonen?

- Marianne

Ole Johannes sa...

Hei Marianne

Det med å øka den indre motivasjon hos elevane trur eg kan vera litt vrient til tider. Men eg trur det hjelper på å foreksempel legge fram ting på ein måte du trur kan fenga elevane. At dei blir intereserte og får ein indre drivkraft som gjer at dei får lyst til å jobbe med dette emnet. Men det kan nok var ein stor utfordring og få til i mange samenhengar, om ikkje umuli:p

Steinar sa...

Slike personlege erfaringar er alltid interessant å lese. Og det er heller ikkje tvil om at du har lært av di negative erfaring med å gå tom for ytre belønning. Kva var det elevane lærte i denne prosessen?

Kva endringar gjorde du etterpå? Klarte du å få orden på dei? Eventuelt korleis?