fredag 7. november 2008

Hjernen, ein datamaskin?

I kognitivismen er det de som skjer inni hovudet som er i fokus. Dei kognitive teoriane fokuserar på tankeprosessane til mennesket.

Noko eg syntest var spesielt interessant innan kognitivismen er modellen der menneskehjernen blir samanlikna med ein datamaskin. Dette syntest eg var ei god samanlikning. For det er jo mange måtar sånn det er. Du sansar så mykje, men det er absolutt ikkje alt du plukkar opp. Men noko kan det lika vell var du legg ekstra godt merke til. Man bite seg rett og slett fast i det. Og det blir dermed lagra i korttidsminnet vårt. Akkurat som i ein datamaskin. Skulle du derimot gløyme å lagre det du har på datamaskinen, og dataen slår seg av, er plutselig alt vekke. Ting som ligger i korttidsminne blir der ikkje for alltid om man ikkje lagrar det.

Sånn er det også med hjernen vår. Man lærer seg noko for at man skal kunna det, til ein prøve eller ein anna viktig hendig, får så og oppleve at kunnskapane sakte men sikkert svinner hen igjen. Eg lærte meg blant anna alt om musklar og muskelfester og utspring og alt sånn når eg tok idrett grunnfag. Då var det pugging, pugging og atter pugging. Etter kvart satt mykje av det veldig bra, og anatomieksamenen gjekk bra. Men den dag i dag, 2 og eit halvt år etter, huskar eg så og sei ingen ting av det lenger. Synd men sant. Kvifor er det sånn? Gløymde eg å trykke på lagreknappen etter eg var ferdig? For kvar er eigentleg ”lagreknappen” vår, i vår hjerne. Husker du ting med å bare pugge det? Min erfaring er at me ikkje gjer det. Dersom det ikkje er noko du er nokså interessert i vel og merke. For ting du bryr deg om huskar du møkje lettare. Eg for eksempel huskar jo namn og historia til ekstremt mange fotballspelarar eg har sett og høyrd om gjennom åra, det er nesten så eg er redd for at eg har fullt opp harddisken min med alt detta fotballstoffet. Så eg har rett og slett ikkje plass til å lagre meir. Då må det vertfall gjentas og gjentas. Kunnskapen eller eigenskapane må bli automatisert. Først når ting blir automatisert kan man seia at man lagrar ting på langtidshukommelsen. Det vil da bli der for alltid. Døme på sånne ting kan vera å sykla og symja. Dette er ting man aldri gløymer ut korleis man gjer. Gongetabellen er også eit slikt eksempel. Den kommer automatisk, utan at man treng noko lang tenkingsprosess.

Derfor blir den store utfordringa for kvar enkelt å finne sin personlige lagringsknapp, så man kan lagre den kunnskapen man tar inn over seg. Denne lagringsknappen varierer nok voldsamt frå individ til individ. Man har ulike metodar for å hugsa ting. Eit godt eksempel på ein slik metode var videoen me såg i pedagogikken på torsdag. Denne reisa der man knyt forskjellige ting opp til rom man kommer i på reisa. Dette var heilt nytt for meg, men eg må sei det fungerte veldig bra. Lett huska eg rekkefølgja på landa me skulle hugse. Og trur også eg kjem til å hugse dei ei stund, så det syntest eg var ein veldig smart måte og hugse ting på. Det handlar altså bare om å finne den metoden som passar best for deg. På den måten kan du lagre viktig kunnskap på harddisken din, akkurat som på ein datamaskin.

Sko gjerna ønska at eg kunne oppgradert min harddisk av og til, føler til tider det kan var litt trongt om plassen der. Men den følinga har nok dei fleste hatt. Håpar vertfall det, at det ikkje bare er eg som har det sånn:)

God helg folkens, putt noko lurt inn på harddisken i løpet av helga :p

3 kommentarer:

Aina sa...

Det er helt riktig det du sier!
Du kan godt sammenligne hjernen med en datamaskine, og hvem ville ikke hatt en automatisk lagringsplass?
Eg har merka likt som deg, og det er at ting eg pugge og pugge på ikje blir der. Men det eg gjorde då var å repetera notatene mine jevligt for å holda det med like.
Eg huske ganske mye fra nyere historie i fjord, for eg repeterte det heila tiå te klassekammeratane mine.
Forskjellen mellom det som komme på korttidsminnet og langtidsminnet har noe med interessene våres å gjøre. Sånt som du sier med fotball, er jo et strålende eksempel. Det er bra du bruker egne erfaringer når du skriver, for då blir det mer personlig og kjekkere å lese.
Sånt som du sier med gangetabellen den er automatisert i hjernen min, men jeg lærte kun svarene og ikke regnestykket så jeg må si i 7gangen; 7,14,21,28 osv..
Så hvordan vi lærer har mye med hvor mye vi liker temaet vi har om.
Dette skulle det finnes en oppgradering som gjorde det enklere å lære!

Ole Johannes sa...

Takk for hyggelige kommentar:)
Me e vist ganske så enige om detta temaet eg å du:)

Steinar sa...

Hei!

Du får fram fleire gode poeng ved å samanlikne hjernen med ei datamaskin, f.eks skillet mellom korttids- og langtidshukommelse. Men ser du problem eller farer ved denne metaforen? I kva grad fungerer hjernen vår som ei datamaskin, meiner du?