fredag 28. november 2008

Evna til å søka hjelp!

Eg som har jobba litt i skule, har opplevd litt av kvart når det gjeld detta med å spør om hjelp. Det å bruka denne muligheita elevane har i skulen. Det er jo derfor me lærarar er der. For å rettleie dei og hjelpe til så dei forstår det dei skal læra.

Men bruker alle dette hjelpemiddelet? Langt i frå. Det er vertfall mi erfaring frå skulen. For her er barn veldig forskjellige. Nokon spør om alt, fordi dei ikkje gidder å tenke sjølv. Nokon trenge ikkje spør om hjelp, fordi dei får til alt sjølv. Men så er det også nokon som sitter der, dei rekker ikkje opp handa, men vis du går bort til dei, så ser du heilt tydeleg at dei ikkje veit kva dei skal gjera. Nokon er lette å oppdage, for dei sitt kanskje bare å ser ut i lause lufta å tankane bare svirra i hovudet. Men så er det også dei, som prøver så godt dei kan å skjule arbeidet sitt, elle mangel på arbeid for den saks skyld. Dette opplevde eg som eit problem. Kva skal du gjera med dei som ikkje vil ha hjelp? Og kvifor er det sånn?

Inntrykket eg har fått er at det nesten verkar som om at det er flaut å ikkje få til noko. Sånn syntes eg faktisk det var litt sjølv når eg gjekk på skulen. Husker eg hadde problem med å takle det på ein god måte, det at eg ikkje fekk til og meistra det som dei andre elevane meistra. Men då spurde eg som oftast om hjelp. Men som sagt har eg opplevd det fleire gonger at det er elevar som ikkje spør om hjelp, dei prøver heller å late som om at dei gjer noko, sånn at dei ikkje ska tiltrekka seg merksam frå lærarane. Og er dei gode til det, så er det ikkje alltid lett for oss lærarar og hjelpe. Det som er så dumt er jo at læringsutbytte til desse elevane blir jo då tilnærma lik null. Og det er ikkje bra.

Dette er noko me alle må vera obs på når me skal vera lærarar, me må vera veldig observante, og prøve å kartlegge desse ”luringane” tidleg. Og prøve bygge opp eit godt forhold til dei, å prøve å finne ein løysning på det, sånn at denne eleven skal bli meir å meir fortrolig med det å spør om hjelp når det er noko ein ikkje får te. Det er kje noko som skal vera flaut, langt der i frå. Emna til å søka hjelp er ei svært viktig eigenskap for elevane i skulen. Og det er vårt ansvar å gjera dei bevisste på dette!

3 kommentarer:

Britt Kari sa...

Dette er er interessant tema, jeg sitter med samme inntrykk etter å ha jobbet som lærervikar! Det er alltid noen som prøver å skjule det de skriver, og ser ut som de helst ikke vil ha innblanding. Om du derimot samler inn arbeidsbøkene etter timen, ser du jo fort hvem det er som sliter, som har gjort alt galt eller kanskje ikke gjort noe i det hele tatt.
Ikke enkelt dette her, tror nok det kanskje skyldes at de er fryktelig beskjedne, ikke vil være til bry osv. Her har læreren en viktig jobb å gjøre med å få eleven til å åpne seg, å få skape tryggheten eleven trenger.

Steinar sa...

Ja, takk for eit innlegg om eit svært viktig tema. Det er på sett og vis ein slags læringsstil dette også, å skjule seg. Det er nok ei samansett gruppe, nokre er kanskje svært sjenerte, andre redde for å vise at dei ikkje får til noe og så vidare.

Så kjem det viktige spørsmålet: Kva kan me gjere for å hjelpe desse usynlege elevane, som kanskje ikkje vil ha hjelp?

Nina Irmelin sa...

Hei..
Det er heilt rett det du skrive, det gjelder som lærer å ikke ha "tunnelsyn" men å se alle elevene. Det er lett at de som rekker opp hendene hele tiden, tar oppmerksomheten fra de mer stille elevene.
Så tok Steinar spørsmålet mitt, men eg har flere på lager eg.!
Har elevene som ikke spør etter hjelp et mønster? Med det mener jeg om de blir bråkete?Er det de "kule" elevene? Er det noe forskjell etter hva slags fag de har?
Veldig bra skrevet. kjekt å lesa;)