torsdag 9. oktober 2008

Småjusteringar kan gjera underverkar!

Når eg jobba som assistentlærar ved førre skule, opplevde eg noko eg syns kan passa inn nå når me har hatt om kapitelet: undervisning, læring og leiing.
Eg var assistent i ein tredje klasse, og klassen skulle jobba med forskjellige ting. Læraren skreiv dei forskjellige oppgåvene på tavla, og elevane skulle jobba me det dei hadde lyst til å gjera først. Målet var at dei skulle bli ferdige me alt som stod på tavla. Når di var ferdige med kvar enkelt aktivitet, skulle dei gå fram til tavla og skrive namnet sitt under den aktiviteten di hadde gjort. Når læraren hadde forklart det, tok ho med seg elevgrupper inn på eit anna rom og hørte dei i lesing. Kan forresten nemna at denne læraren ikkje var deira klassekontakt, og at støynivået i klassen pleidde var høgare på fredagane når ho hadde dei. Eg var altså aleine igjen med resten av klassen. Det heile begynte bra, dei satt og jobba, og arbeidsroa var til stades. Problemet oppstod derimot med ein gong elevar byrja bli ferdige me ting, og skulle opp og skrive namnet sitt på tavla. Vandringa blei langt i frå ei stille ferd, og det blei mykje tatling. Det heile utarta seg og til slutt må eg innrømma at eg mista litt kontrollen. Det blei veldi mykje tatling. Og lite blei gjort av det som skulle ha vert gjort. Eg klarte å roe dei ned i periodar, men så skulle det skiftes lesegrupper, og elever kom springande inn og ropte at nå var det byttetid. Og dermed var det uroleg igjen. Sånn gjekk dei timane, rotete og utan mykje effektiv arbeidstid.

Her måtte noko gjerast! Neste gang klassen skulle ha same type arbeidsmåte, noko dei hadde kvar fredag, tok eg ordet i klassen før dei satt i gong med arbeidet og sa at i dag sko dei ikkje skriva namnet sitt på tavla, dei skulle heller skrive ned på eit ark dei tinga dei fekk gjort. Så snakka eg med læraren og spurde om det ikkje va lurast om ho følgde gruppene inn igjen når det var byttetid, at dei kunne gå roleg inn så ikkje heile klassen skulle bli forstyrra kvar gong. Noko ho var einige i.

Etter dette blei fredagsjobbinga noko heilt anna. Elevane satt og jobba, utan alle forstyrrande element og det blei også slutt på all vandringa. Og du verden kos mykje meir dei fekk gjort! Dei aller fleste fekk gjort ferdig alt før timane var ferdige, og eg måtte te å lage te ekstraoppgåver (som nok bar preg øve at dei blei laga på sparket) for å aktivisera dei. For det var jo ikkje lagt på førehand, for det pleidde jo ikkje skje at dei blei ferdige med alt.

Dette var ei nyttige oppleving for meg, og få oppleva det så tydeleg kor mykje små detaljar kan gjer for eit arbeidsmiljø. Av og til skal det ikkje så mykje til, det gjeld bare å tenke på kva som er rota til dei forstyrrande elementa og så prøve å luke dei vekk. Det er jo sjølvklart at det ikkje alltid er mogleg, men i detta tilfellet gjekk det vertfall supert:)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Dette beskriv jo akkurat det me har hatt om denne veka. Om kor viktig det er å prøva og forutsjå kor ting kan gå gale, og luke dette vekk på førehand. Rett nok vart justeringane gjort etter at du såg at dette ikkje gjekk så bra første gongen, men likevel. det viser at du lærar av erfaringar og såg kor problemet låg og luka dette vekk. Men eit lite spørsmål, gongen etter, var ekstraoppgåvene på plass på førehand då?

Britt Kari sa...

Glimrande eksempel! Har sjølv vore i dine sko, så den situasjonen kjente eg meg igjen i! Det er jammen ikkje greit å vera assistent og roa ein heil klasse når du ikkje er trent til det. Syntes du løyste oppgåva forbilledleg! :-)

Ole Johannes sa...

Takk for kommentarar begge to:)
Ja Ingrid, det va di. Va riktig nok ikkje eg så lagde dei, men oppgåver var det vertfall.

ja det e kje alltid så lett det der Britt Kari. Har hatt ein del fortvila episodar som assistent. Men blir bedre nå, så det e me som blir sjefane;)

Steinar sa...

Flott gjort! Dette viser refleksjon og handling i praksis!