onsdag 18. mars 2009

Leik og læring!

Leik og læring er to ord eg meiner høyrer saman i skulesamenheng. Det er mykje leikprega aktivitet som kan gi godt læringsutbytte for elevane i skulen. Leik er noko som dei aller fleste syns er kjekt og dersom di kan læra noko samtidig er det bare vinn vinn situasjon for alle. Men lek for bare leken si skyld bør ein ikkje ha for ofte.

Fysisk aktivitet er viktig for barn, og gjennom leik kan dette var ein god arena for nettopp dette. Barn som får mykje fysisk aktivitet viser seg også i mange tilfeller som meir lærevillige.

Eit eksempel på lærenyttig leik som eg har praktisert ein del i mi tid i barne skulen er dette med pengar. At me lagde butikk, klypte opp pengar og lekte at me skulle på butikken for å kjøpe. Då lagde me ein gong lappar så kosta det 10 kr for lappar, 2 kr for smør, 3 kr for syltetøy og 3 kr for sukker. Eit glas saft kosta 5 kr. Då lekte me at me var på cafè, og elevane måtte bestille det dei ville ha og også rekne ut kor mykje pengar dei trong for å kjøpe dette. Dette syns ungane var veldi kjekt og trur dei lærte av det. Dei blei mykje meir stødige på detta med pengar og eg trur dei etter dette hadde vert mykje meir komfortable om dei stod på ein butikk med pengar i handa og skulle kjøpa noko. Med andre ord ein lærerik aktivitet i leikform.


Det finnes selfølgeleg også mange andre sånne eksempel på læringsretta leik i skulen. Og det er noko eg syns me skal nytte oss av.


For det bør ikkje væra noko tvil om at leik er viktig, både for barn og for vaksne. Leik er nyttig i skulen og man kan faktisk lære noe av det. Viss man skal bruke leik i skulen er det derimot viktig at man tenker over kvifor man bruker det. Brukest leiken fordi me som lærarar eller elevane trenger eit lite avbrekk eller brukes den fordi elevane kan lærer noe nyttig av den? Så lenge leiken er målretta og har ei meining vil den være svært nyttig for barna i skulen. Eg meiner at man som lærer så absolutt bør utnytte den verdien leik har for barn, og bruke den i læring.

1 kommentar:

Steinar sa...

Det at leiken bør vere målretta, er eg heilt einig med deg i. "Leik for læring" bør vere eit slagord som brukast meir enn "Leik og leik"

Du er kort innom dette, og eg kunne godt tenkje meg at du skriv noko meir omkring kva slags konkrete læringsmål du ser for deg at leik kan vere med å oppfyllè?